Råd om ferdsel

Alle er velkomne til Jotunheimen og Utladalen, men hugs å ta vare på naturen! Ta omsyn til fugle- og dyrelivet, og pass på å etterlate leirplassen slik at det er reint og ryddig til nestemann som vil oppleve fjellet.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyre for Jotunheimen og Utladalen
Postboks 987
2626 Lillehammer
E: fminpost@fylkesmannen.no

M

Meny

Allemannsretten – gleder og plikter

Tenk, kor heldige vi er: Allemannsretten er eit gratis fellesgode som gir deg rett til å bruka utmarka, uavhengig av grunneigar. Vi har frå gamalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, etter elvane, på innsjøar, i skjergarden og til fjells. Så lenge du viser omsyn og tar med deg alt avfall, gjev allemannsretten deg høve til å ferdast fritt i naturen.

Hovudprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova av 1957. Ein grunnregel for alle som nyttar seg av allemannsretten: Forlat naturen slik du gjerne vil finna den sjølv!

Drone
Verneforskriftene § 3 pkt. 7.3 set  forbod mot bruk av dronar i nasjonalparken og i landskapsvernområdet.

Telt i høyfjellet
Fjell med varde.

Allemannsretten. Du kan gå der du vil på beina og på ski. Følg gjerne merka stig eller stikka løype i nasjonalparken. Det er lov å ri eller sykle på stigar og vegar. Du kan slå opp teltet der du vil, så lenge du er minst 150 meter frå hus eller hytte der det er folk. Hugs å rydde plassen etter deg!  Du kan plukke bær, sopp og vanlege blomar, men plukk ikkje trua og freda artar, som t.d. orkidear.

Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta, også på dagar med dårleg sikt. Bygg ikkje nye vardar når du rastar, da dette kan føre folk på villspor. Fjern heller ikkje stein fra gamle vardar, da ein del av desse er kulturminne.

Motorisert ferdsel. Framkomstmiddel med motor er i utgangspunktet forbode i nasjonalparken, dette gjeld også elsykkel.

Kulturminne som tufter og fangstgraver er freda, så ikkje flytt stein frå gamle murar.

Hald Jotunheimen rein. Når du ferdast i Jotunheimen, rydd opp etter deg og ta med deg søppel.

Du kan tenne bål mellom 15. september og 15. april og resten av året på stader der det heilt klart ikkje er brannfare. Følg med på lokale forbod. Vis omsyn til naturen når du finn ved.

Jakt og fiske. I nasjonalparken kan du jakte og fiske som i andre fjellområde, dersom du har jakt-/ fiskekort. Stongfiske er gratis for barn/unge under 16 år. Det er ikkje lov å bruke levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fisk eller vått fiskeutstyr frå eit vassdrag til eit anna.

Kvinne og to hunder på tur i fjellet.

Hund i nasjonalparken. Hunden er velkomen med på tur. Mellom 1. april og 1. oktober/ 1. november skal alle hundar haldast i band. Du pliktar å ta omsyn til vilt, beitedyr og menneske året rundt. Særleg reinen er sårbar på etterjulsvinter og vår.

Reglane om bandtvang gjeld også for små hundar og for hundar som er såkalla sauereine. Hugs at vi har fugleartar som har reir og ungar på bakken!

Klede og utstyr. Vêret i fjellet kan skifte brått både sommar og vinter. Sommaren kan by på låge temperaturar og tjukk skodde. Vinterturar kan gje deg sol og lang sikt eller kalde vindar og tett snødrev. Du er sjølv ansvarleg for å vurdere vêr og føre, form og ferdigheiter og førebu deg med eigna klede og utstyr før du legg ut på tur. Å ferdast i fjellet kan vera krevjande. Å vera på tur med ein fjellførar gjev tryggleik og nyttige tips.