Opplevingar og besøksmål

Alle har høyrt om Besseggen og Galdhøpiggen, men Jotunheimen kan by på så mykje meir! Her er over hundre toppar som ragar meir enn 2000 moh., men også frodige dalar eigna for rolege familieturar. Ta ein tur til Utladalen, og sjå Vettisfossen og ei rekkje majestetiske fossar i det frodige kulturlandskapet med slåttemark og beitedyr!
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyre for Jotunheimen og Utladalen
Postboks 987
2626 Lillehammer
E: fminpost@fylkesmannen.no

M

Meny

Title Address Description
Jotunheimen nasjonalpark
Jotunheimen, Lom, Norge
Lom Nasjonalparklandsby og Lom fjellmuseum
Brubakken 2, 2686 Lom, Norge
Otta stasjon
Otta stasjon, Otta, Norge
Vågå skysstasjon
Vågåvegen 37C, 2680 Vågå, Norge
Gjende parkering
Unnamed Road, 2683, 2683 Tessanden, Norge
Gjendebåten
Gjendevegen 231, 2683 Tessanden, Norge
M/B Bitihorn
Bygdisheimvegen 320, 2953 Beitostølen, Norge
Besseggen
Besseggen, Vågå kommune, Norge
Galdhøpiggen 2469 moh
2686 Lom, Norge
Glittertinden 2452 moh
Glittertind, Lom, Norge
Fannaråken 2068 moh
Fannaråki, Luster, Norge
Smørstabbtindene
Smørstabbtindan, Lom, Norge
Hurrungane
Hurrungene, Årdal, Norge
Falketind 2067 moh
Falketind, Årdal, Norge

Planlegg turen på førehand

 

Gjer deg kjend med ruta du vil gå, og kva utstyr du kan trenge på turen. Skal du krysse bre bør du bli med på ein guida tur, eller leige med deg ein kyndig breførar.

Hugs at vêret kan skifte fort, og sjølv om sommaren kan det koma snø og kalde temperaturar.

Les råd og reglar om ferdsel her 

 

Folk på fjelltur

Besseggen

Besseggen er ein av Noregs mest berømte fotturar. Turen på 14 km går mellom Gjendesheim og Memurubu, langs fjellryggen høgt over Gjende. 

Dei fleste startar med båt frå Gjendeosen til Memurubu og brukar heile dagen over fjellet tilbake til Gjendesheim. Utsikten frå toppen, med smaragdgrøne Gjende i sør og det blå Bessvatneti nord, er verdt den bratte turen opp eggen! 

Les meir

Turen over Besseggen:  

  • Normalt tek turen 5—9 timar (inkludert pauser). 
  • Den totale stigninga på turen er over 1000 høgdemeter – med høgaste punkt på Veslfjellet 1743 m! 
  • Sjølve Besseggen har bratte parti der ein må ta hendene til hjelp og klive. 

Les meir om turen på Besseggen.net

Hugs: 

  • Gode fjellstøvlar er heilt nødvendig på denne turen.
  • Ta med vind- og vasstette klede, lue og vottar — hugs at veret skiftar fort i fjellet!
  • Ta med mat og drikke.
  • Toalettbesøk før du startar turen.
  • Ta med kart og kompass, og lær deg å bruke det! Meld frå kor du går.
  • Hovudlykt

Vandring langs Gjende

For dei som ønskjer ein lettare tur enn Besseggen, er det fint å gå langs nordsida av Gjende. Dette er også eit godt alternativ ved dårleg vær. Stigen går både langs vatnet og over berghamrar, der du får god utsikt. Den går dels i steinete og litt ulendt terreng, så det er ingen spasertur langs stranda. Normalt tek turen 3 – 5 timar inkludert pausar. I dei sørvende og kalkrike liene langs Gjende veks bjørkeskogen heilt opp mot 1200 moh., og her finn vi artar som vanlegvis veks i låglandet – til dømes liljekonvall, kanelrose og markjordbær. 

Besseggen, fjell.

Galdhøpiggen

Galdhøpiggen er med sine 2469 moh høgaste fjellet i Nord-Europa. Du kan starte turen frå Spiterstulen (1100 moh), eller frå Juvasshytta (1840 moh), der det kvar dag i sesongen er tilbod om guida turar til toppen. Det er fleire firma som tilbyr breføring over Styggebreen. 

Les meir

Dersom du går opp frå Spiterstulen i Visdalen treng du ikkje breføring om du vel den T-merka ruta oppover lia. Dette er ruta Steinar Sulheim, Ingebrigt N. Flotten og Lars Arnesen brukte ved førstebestigninga i 1850. 

På turen frå Visdalen får du også med deg to ekstra 2000-meterstoppar; Svellnose og Keilhaus topp. Det er fleire høgdemeter og meir fysisk krevjande enn å gå frå Juvasshytta, men her er du ikkje avhengig av breførar, og kan gå i ditt eige tempo.

Turfølge på Galdhøpiggen

Bli med inn i isen – Klimapark 2469

Ved foten av Galdhøpiggen ligg Klimapark 2469, eit godt alternativ om du ikkje tek turen til topps på Noregs tak. Området er gjort tilgjengeleg for alle, med oppbygde gangbaner over den frostpåverka polygonmarka og fram til den spektakulære istunnelen fylt med is-skulpturar og arkeologiske skattar. Kvar dag frå midten av juni til ut i september, kan du bli med inn i isen. På vegen fram til tunnelen lærer du om jakthistorie, klimaendringar, tinande permafrost, smeltande snøfonner og dyr og planter som har tilpassa seg livet i dei barske fjella. 

Les meir

Barn betrakter isskulptur

Glittertinden

Glittertinden er nest høgaste toppen i Noreg. Den før så mektige skavlen på toppen gjorde at toppen tidlegare var litt høgare enn Galdhøpiggen, men målt på fast fjell er høgda 2452 m.o.h.

Enklaste vegen opp er frå Glitterheim, men du kan også gå frå Spiterstulen, eller gå opp på ei side og ned att på den andre. Ein stor del av sommaren er det snøføre opp mot toppen, og på Glitterheim går det an å leige rumperacer, som gjer nedfarten ekstra artig!

Glittertind, fjelltopp

Fannaråken

Fannaråken er eit populært turmål både til fots og på ski. Med sin langstrakte rygg er toppen eit karakteristisk motiv i landskapet. I sommarsesongen kan du besøke den høgastliggande turisthytta i landet. Toppen er særleg populær for vårskiløping, når Fv. 55 over Sognefjellet blir brøyta rundt 1. mai. Det vanlegaste utgangspunktet etter at vegen har opna, er dammen ved Preststeinvatnet Tidlegare på vinteren er det fint å gå frå Sognefjellshytta.

Om sommaren er det føring over breen viss du går frå Sognefjellshytta. Frå Turtagrø og Helgedalen i sør kan du gå opp utan føring eller brekryssing.

Fjell i solnedgang

Smørstabbtindane

Smørstabbtindane er eit karakteristisk fotomotiv frå Fv. 55 over Sognefjellet.  Toppane er populære turmål for tinderangling sommarstid og for toppturar på ski om vinteren og langt utover våren. Toppane er særleg populære for vårskiløping, med utgangspunkt frå Krossbu eller andre plassar frå Fv. 55.

Les meir

På sommarstid treng du kyndig breførar for å koma trygt til topps, da du må krysse bre på dei fleste rutene, med unntak av turen til Store Smørstabbtinden. Turistbedriftene langs Fv. 55, Leirvassbu og fleire frittståande selskap tilbyr breføring og guiding. Dei utan høgdeskrekk kan følgje traversen frå Store Smørstabbtinden og nå fleire toppar frå her, utan å krysse bre. Dei høgaste toppane i tinderekkja er Storebjørn (2.222 moh), Store Smørstabbtinden (2.208 moh), Sokse (2.159 moh), Veslebjørn (2150 moh.), Kniven(2.133 moh) og Skeie (2.118 moh). Andre toppar i rekkja som omkransar Smørstabbrean er  Kalven, Sauen og Geite.  

Det er noko diskusjon om namna på enkelte av toppane. 

Vinterlandskap, fjell som speglast i vatnet

Vettisfossen 

Vettisfossen, har eit fritt fall på 275 meter og er omtala som kongen blant fossane. Fossen vart freda allereie i 1924, og er Noregs og Nord-Europas høgste uregulerte fossefall.  

Les meir

Turen inn til foten av fossen tek om lag 4 timar tur/retur frå parkeringsplassen ved Hjelle (6 km ein veg). Turen går langs Vettisvegen til Vetti Gard, og deretter på merka sti fram under fossen. Du kan også gå opp den bratte stien frå Vetti til Vettismorki for å sjå fossen ovanfrå, men då treng du eit par timar ekstra på turen. 

Lærdalspresten Ulrik Bøyesen besøkte Utladalen i 1818, og han er den første som omtalar Vettisfossen: 

«Det aldeles perpendiculaire vandfald der icke med en Draabe berører fjeldveggen.»  

Fossefall, Vettisfossen

Hurrungane

Fjellmassivet sør i nasjonalparken har over tjue toppar over 2000 meter. Fleire av toppane krev bre- og klatrekunnskap, men det er fleire som tilbyr fjellføring om du ikkje har erfaringa sjølv. 

Les meir

Turisthytta Turtagrø har lange tradisjonar som base for fjellklatring i Noreg. Sjølve kongen av Hurrungane er Store Skagastølstinden, eller Storen, som ragar heile  2405 moh. Den britiske fjellklatraren William Cecil Slingsby var førstemann på toppen av Storen i 1876, og han blir ofte kalla norsk tindesports far. Breen på austsida av toppen fekk namnet Slingsbybreen. Andre kjende toppar er Store Austanbottstind og Store Ringstind.

Hurrungane har også enklare toppar du kan nå på eige hand – til dømes Store Soleibotntinden, med flott utsikt frå toppen 2083 moh.

Hurrungane er også eit populært turmål for vårskiløping. Da er det viktig å ta omsyn til villreinen som held til i området, sidan dyra er sårbare overfor forstyrringar etter ein lang vinter. Ikkje følg etter dyra, men trekk deg tilbake og vel ei anna rute, slik at reinen slepp å bruke dyrebar energi på å flykte. Stadige forstyrringar kan blokkere trekkruter og hindre simlene i å kome seg ut til kalvingsområdet sørvest for Hurrungane.

Personer på fjell

Historisk vandrerute Jotunheimen

-ein fjelltur i pionerane sine fotspor

Ruta består av fire dagsetappar:

  1. Gjendesheim til Memurubu over Besseggen
  2. Memurubu til Gjendebu via Bukkelægret
  3. Gjendebu til Torfinnsbu gjennom Svartdalen
  4. Torfinnsbu til Fondsbu og Eidsbugarden langs Galdeberget
Les meir

Det er høve til overnatting undervegs på turisthyttene Gjendesheim, Memurubu, Gjendebu, Torfinnsbu og Fondsbu/Eidsbugarden.

Å gå heile ruta krev at du er i bra fysisk form. Det er også mogleg å gå rute i motsett retning, eller velja ut eit par etappar om du vil ha ein enklare tur. Alle etappane er tilgjengelege via rutebuss og/eller rutebåt i sommarsesongen, og i staden for å gå over bratte fjellryggar er det mogleg å erstatte enkelte etappar med ein båttur på Gjende eller Bygdin. Det er også mogleg å sende tunge sekker med båt på etappane 1, 2 og 4.

Ein kortversjon av ruta for ein helgetur er båt frå austenden av Bygdin til Eidsbugarden og fottur via Veslådalen til Gjendebu på dag 1. Neste dag kan ein velja mellom å gå Bukkelægeret til Memurubu og ettermiddagsbåt vidare til Gjendesheim, eller morgonbåt til Memurubu og fottur over Besseggen til Gjendesheim.

Meir om ruta og fjellhistoria på DNTs nettstad

Varde i fjellet

Vårskitur frå Valdresflye

Fv. 51 over Valdresflye er eit populært utgangspunkt for vårskiturar mot Jotunheimen. Med utgangspunkt 1389 moh. er det fleire 2000-meterstoppar som kan nåast av dei fleste med normale skiferdigheiter. Den enklaste er Rasletinden (2105 moh.), eller du kan halde fram vidare til t.d. Kalvehøgdene, eller til Mugna og Munken. Andre populære toppar med tilkomst frå Fv. 51 på strekninga ovafor Vargebakkane er Høgdebrotet (2226 moh) og Tjønnholstinden (2331 moh).

Fjellandskap vinter, Valdresflye

Høgruta

Høgruta i Jotunheimen er inspirert av Haute Route i Alpane, og har vorte ein stadig meir populær skitur etter introduksjonen i 2013. 

Les meir

Frå Gjendesheim i aust går ruta over 5 av stortoppane i Jotunheimen, der ein legg bak seg nesten 90 km og 7000 høgdemeter før ein endar opp på  Krossbu i vest. Høgruta er ein krevjande 5-dagars tur over toppane Besshøe (2.258 moh), Surtningssue (2.368 moh), Glittertinden (2.452 moh), Galdhøpiggen (2.469 moh) og Storebjørn (2.222 moh).

Turen går frå Gjendesheim eller Bessheim ved Fv. 51, og er innom turisthyttene Memurubu, Glitterheim, Spiterstulen og Leirvassbu på vegen mot Krossbu ved Fv. 55. Dei spreke kan på enkelte etappar leggje inn ekstra toppar, og på dagar med dårleg vær eller liten sikt er det mogleg å ta alternativ rute ved å følgje kvista løype utan å gå over den planlagde toppen.


Dette er ein tur for svært erfarne skiløpararar, og for dei mindre erfarne er det ein stor fordel å gå med guide. Det er fleire firma som kan lose deg trygt over høge fjell og gjennom djupe dalar.

Les meir og sjå ruta på Ut.no

Fjell, vinter

Falketind

Aasmund Olavsson Vinje ga fjellet namnet Falketind (2067 moh) – inspirert av den karakteristiske profilen.

«Den svarte tind med nebben sin i bugt
er falken lik, som voggar seg til flugt;
i bringa kvite flekk er spettad inn,
og difyr vert han kallad Falketind.»

Toppen ligg i randsonen til Jotunheimen, innan Utladalen landskapsvernområde. Den er ikkje blant dei aller høgaste toppane våre, men turen er krevjande, så mange vil velja å gå med guide.

Ein annan populær topp i sør er Uranostinden (2157 moh).

Fjell, falketind