Tamrein i Jotunheimen

I Aust-Jotunheimen er det i dag tamreindrift, men dyra følgjer i stor grad dei gamle trekkrutene til villreinen når dei flyttar mellom sesongbeita.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen
Statsforvaltaren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer
E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Vis omsyn viss du møter rein

Tamreinen er ikkje spesielt sky, og fjellvandrarane kan ofte oppleve å møte desse vakre dyra. Men dyra treng ro for å beite, så vis omsyn og ikkje forstyrr dyra unødig. Særleg i kalvingstida er reinen svært sårbar. Hugs bandtvang, og følg ikkje etter flokkane.

Det er to tamreinselskap som har konsesjon for reindrift i området; Lom Tamrein As og Vågå Tamrein As. Dei har rundt 2400 dyr kvar i vinterflokken, så med kalvetilveksten kan det vera heile 7-8000 rein som beitar i Jotunheimen og området rundt.

Tamreinflokk spring i nysnø.
Tamrein i solnedgang.

Utnytting av fjellbeita

Landbruket i fjellbygdene er avhengige av utmarksbeita, men med reinen såg bygdefolk ei enda betre ressursutnytting. Ein av stiftarane av tamreinlaget i Vågå uttrykte seg slik:
«Der fjell-graset sluttar tek moseflyene til, berre reinen kan gjera seg nytte av dei veldige høgfjellsviddene. Dette er ein næringsveg for ei fjellbygd».

Lom Tamreinlag vart stifta i 1926, medan Vågå kom etter i 1942.
Med god gjeting har laga greidd å tilpasse seg fjellturismen i Jotunheimen, og for mange av fjellvandrarane kan eit møte med rein og gjetarar vera eit høgdepunkt på turen!

Hjå Norsk fjellsenter i Lom kan du lære meir om reinen

Lom tamreinlag

Vågå tamreinlag