1. Heim
  2. Om verneområda
  3. Kulturlandskap og historie

Kulturlandskap og historie

Landskapet har spor etter eldre fangstkultur med dyregraver og buplassar, og beitebruk og seterdrift har lange tradisjonar. Kulturhistoria knyter seg også til gamle ferdselsvegar gjennom Jotunheimen og dei fyrste fjellpionerane. I dag kan du oppleve levande kulturlandskap med slått av gamle enger ved Gjende og hausting av den gamle eventyrskogen i Utladalen.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen
Statsforvaltaren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer
E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Fangstminne

Jegerar og fiskarar har ferdast i Jotunheimen i fleire tusen år. Både ved Gjende, Russvatnet, Tyinosen og i Koldedalen er det spor etter buplassar frå 3000 f.Kr. Du kan elles sjå ulike typar kulturminne, som reinsgraver, bogestelle, hellerar, og restar etter steinbuer. I dag minner dyregraver og fangstanlegg oss om ei tid då både villrein og elg var ein viktig del av næringsgrunnlaget for folk. Fangsten med dyregraver tok ikkje slutt før han vart forboden på 1800-talet.

Dyregrav i fjellet
Personer på tur langs gammel veg.

Gamle vegar 

Mellom dei mangfaldige kulturminna i Jotunheimen finn vi òg vardar frå gamle ferdsleårer og restar etter falkefangarbuer. Den varda ruta over Sognefjellet mellom Lom og Luster var ei av hovudferdselsårene, men det var òg fleire ferdselsårer innanfor verneområda. Ruta gjennom Leirdalen, over Høgvaglen, mot Eidsbugarden og vidare nedover Valdres var viktig. Her gjekk dei med store fedrifter, og ruta er steinsett over Høgvaglen.

Setrer og stølar – også viktige for utviklinga av friluftslivet i Jotunheimen

Jotunheimen var tidleg eit viktig beiteområde for bufe, og det har vore seterdrift fleire stader, m.a. ved Gjendebu og ved Memurubu (fram til ca. 1990). Fleire gardar i Bøverdalen i Lom hadde seter ved Gjendebu frå tidleg på 1700-talet. Setervegen var lang. Dei gjekk opp Visdalen, gjennom Urdadalen, og ned Storådalen for å koma fram med dyra sine. Storådalen beitelag fraktar kvart år inn storfe til dei frodige fjellbeita i vestenden av Gjende, og ved Gjendebu vert setervollen slått årleg. Her er det også nokre geitekillingar som hjelper til med skjøtsel av kulturlandskapet.

Etter kvart som interessa for friluftsliv auka på 1800-talet, utvikla fleire setrer i Jotunheimen seg til turistbedrifter, slik som t.d. Gjendebu. I samband med føring av turistar vart det bygd sikringsbuer både på Galdhøgpiggen og på Glittertinden. Dei er båe borte i dag, men på Surtningssue står framleis den gamle steinbua frå 1899 (restaurert i 2008).

Utsikt fra fjelltopp, surtningssue.
Sau på beite

Eit levande kulturlandskap

I Utladalen er det hovudsakleg lauvingsbruk, slått og beite som har forma landskapet, og ein finn mange artar som er knytte til kulturlandskapet. Stølinga har òg vore ein viktig ressurs for bøndene, og pregar vegetasjonen – frå dalbotn til høgfjellet.

Alle gardar og plassar i Utladalen hadde to stølar, ein heimestøl og fjellstøl. I tillegg hadde bønder frå andre bygder stølsrettar i Øvre Utladalen. Utladalen husar såleis særleg mange kulturminne frå nyare tid, som stølar og jakthytter. I dag er fjellstølen Guridalen eit viktig beiteområde for sau, men du finn dyr på beite både ved Vetti og i Avdalen, og seint på sommaren kan du oppleva slåtten her.

Sikring av kulturminne og kulturlandskap har gått føre seg i Utladalen i fleire år med stor dugnadsinnsats frå lokale stiftingar, lag, foreiningar og privatpersonar. Du kan lesa om drifta i Utladalen på nettsidene til Stiftinga Utladalen Naturhus