Insekt

Insekta utgjer ein vesentleg del av skapningane som lever i fjellet og har en viktig posisjon i økosystema og næringskjeda. 
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen
Statsforvaltaren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer
E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

 

Insekta lagar jord av døde planter og dyr, dei hjelper plantene slik at dei kan lage frø, og dei er mat for millionar av fuglar, fiskar og flaggermus. Slik er insekta livsviktige for mange andre artar, både planter og dyr.

Difor er dei også viktige for oss menneske – vi hadde faktisk ikkje klart oss utan insekta.

Men, vi veit at insekta slit. Difor er nasjonalparken og Utladalen landskapsvernområde særleg viktige område for desse småkrypa der dei kan leve utan truslar frå utbygging og andre arealbruksendringar. Her finst mange både nyttige og viktige, men også plagsame, insekt. 

Sommerfugl på blomst
Blåvenge, sommerfugl.

Blåvenge

Blåvenger er dagaktive og fargerike sommarfuglar du gjerne legg merke til når du er på tur i Jotunheimen. Blåvenger finst på alle kontinent i verda. Dei fleste artane er tropiske, men det finst blåvenger som har eit liv knytt til fjellet, slik som Dvergblåvenge og Fjellblåvenge i Jotunheimen.   

Dvergblåvenge er den minste av dei norske blåvengene og du kan finne han opp til over 1000 moh. Dvergblåvenge er ikkje vanleg, men finst talrik særleg i næringsrike grasenger og på rasmarker i fjellet, slik som ved Gjende i Jotunheimen.   

Fjellblåvenge finst berre i fjellet, over 800 moh. Denne flotte sommarfuglen finn du gjerne i sørvende hellingar der det er mykje blomar.   

Apollosommarfugl

Ein heldig vandrar kan få auga på apollosommarfuglen, vår største dagsommarfugl, i Jotunheimen. Apollosommarfuglen har kvite, dels gjennomsiktige vengjer som er mørkt pudra. Apolloen i Jotunheimen er ei eiga høgfjellsform av arten, og finst berre i Norge.

Larvene til Apollosommarfuglen lever på rosenrot, medan dei  vaksne må ha tilgang til nektarplanter som tistel, knoppurt og raudknapp.

Apollosommarfuglen vart freda i 1989. Han ser ut til å klare seg i høgfjellet, men går elles tilbake. Mangel på eigna levestader er den største trusselen mot denne sommarfuglen som har status som nær trua på den norske raudlista.

Appollo sommerfugl
Bloddråpesvermar.

Bloddråpesvermar

Dei mørkegrå, glinsande vengjene med blodraude flekker signaliserer at vi har med ein ikkje- etande art å gjere. Bloddråpevermarane nyttar nemleg blåsyre til å forsvare seg mot fiendar! Dei er også hardføre til sommarfuglar å vere, og kan overleve eit møte med fuglenebbet.  I Norge har vi seks artar bloddråpevermarar, men fleire av dei er sjeldne. Sommarfuglane treng opne område med blomar. Arealendringar trugar også denne arten, men fjellbloddråpesvermaren som flyg på snaufjellet der slike truslar er fråverande klarer seg.

Bloddråpevermarane er solelskande insekt, og det kan vera ei oppleving i seg sjølv å sjå desse små skapningane gå sirklande inn for landing på ein blomst eller eit strå. Desse sommarfuglane er berre aktive i solskin og kan glede alle fjellvandrarar som nyt godveret i høgfjellet! Fjellbloddråpesvermaren er den vanlegaste bloddråpesvermaren.

Perlemorvenge

Perlemorvengene er vakre iaugefallande sommarfuglar som vi gjerne møter på tur når vi ferdast langs grasenger i Jotunheimen. Dei har oransje venger med svarte flekker på oversida.  

Brunflekka perlemorveng og Raudflekka perlemorveng er vanlege i desse fjellområda og elles i landet. Dei to artane er vanskelege å skilje om du ikkje kan studere undersida av dei.    

Perlemorvenge, sommarfugl på blomst.
Fugl med insekt i nebbet.

Den irriterande myggen

Kva skal vi eigentleg med den irriterande myggen?    

Mygg og knott er viktig mat for fiskar, fuglar flaggermus og andre.

Særleg høgt til fjells kan svermar av fluger og mygg ha betydning for langt større dyr enn seg sjølve. Insektsvermane kan styre kvar dei store reinsflokkane beitar, trakkar og legg igjen næring i form av møk. Slik påverkar dei heile økosystemet som ringar i vatn. 

Altså er plagsame dyr også nyttige i naturen!  

Gjendeflugu

Gjendeflugu er ein knott som er særleg talrik på Gjendeosen. Klekking skjer i august-september, og ein kan stundom oppleve at det er nesten svart av knott som sit på steinar og båtar.

Fisken vandrar til Gjendeosen på seinsommaren/hausten, både på jakt etter mat og for å gyte. På Gjendeosen beitar fisken på Gjendeflugu. Da kan det vera svært store mengder fisk på osen, noko som gjev eit eventyrleg fiske i intense periodar.

I 2019 vart Gjendeflugu heilt borte frå  Gjendeosen, og auren i Gjende er plutseleg vorten mager og har dårlegare kondisjon enn tidlegare. Forskarane undrar seg over kva som skjer, og freistar å finne svar på desse funna.  

GJendeflugu.
Fluer som parrer på en blomst.

Russefluga

Også Russefluga er eit viktig insekt i høgfjellsøkosystemet. Dette er ein hårmyggart. Russefluga er lett å kjenne på den svarte kroppen, åremønsteret  i vengjene og dei raude låra. Ho flyg seint med dei lange beina hengande bakover. Russefluga er utbreidd over heile landet. På grunn av storleik og utsjånad legg folk lett merke til dette insektet som òg har stor tyding som mat for mellom anna fisk og fugl.  Russerfluga  er også kjent blant sportsfiskarane. Når dette store og nokså tunge insektet først hamnar på vatnet kjem det seg ikkje opp att, og blir eit lett bytte for fisken. Ho blir etterlikna som fiskefluge.

År om anna opplever vi store mengder av dette store, flugeliknande insektet overalt, i lufta, på bakken og i vassflater. Då snakkar vi om massesvermar. Når det er sverming av russefluger vil det òg bety at insektetande fugl kan nyta godt av denne overfloda av mat før dei startar på hausttrekket sitt, som heilo. Nokre artar et godt med larvar og fluge også i år det ikkje er slik sverming, gjerne fordi dei er tilgjengelege på ettersommaren, på ei tid då andre insektartar ikkje er tilgjengelege i desse fjellområda.