Rovfuglar
Når vi er i fjellet, både ser og høyrer vi livet i lufta. Dei store rovfuglane jaktar småvilt, gnagarar og småfuglar.
Kongeørna, den nest største rovfuglen i Noreg, kan måla heile 2,2 meter mellom vengespissane. Det er hoa som er størst, noko som er vanleg hjå rovfuglane.
Fjellvåken – med vengespenn på 1,2-1,5 m – dukkar gjerne opp i gode smågnagarår. Han er den største av rovfuglane som «stiller»; dvs. at han kan stå heilt i ro i lufta med flaksande venger medan han jaktar. Også jaktfalken spenner vidt mellom vengespissane, og med mål opp mot 1,6 meter er dette den største falken vår. Han er ein rask jeger som vanlegvis slår bytet sitt i lufta i høg fart. På menyen står helst rype, og han hekkar difor gjerne i område med god rypebestand. Tårnfalk, haukugle og jordugle er andre rovfuglar du kan møte i Jotunheimen.
Rype
Rypa har tilpassa seg eit liv i høgfjellet, og følgjer dels bestandsvariasjonane til smågnagarane. Med fleire andre byttedyr for rovdyr kan rypa få fram fleire ungar i kullet i gode smågnagarår. Fjellrypa går i eitt med lyng og mose i den brunspraglete sommardrakta, og med si kvite kamuflasjedrakt kan ho ligge gøymt i snøen, og flyg ikkje opp før du nesten trakkar på henne.
Småfuglar
Av småfuglane er heipiplerke, bjørkefink, gråsisik, lauvsangar og blåstrupe blant dei mest vanlege i fjellbjørkeskogen. På snaufjellet kan du møte den hardføre snøsporven, eller steinskvetten som sit og vippar med stjerten.
Blåstrupe
Med si blå og raudbrune bringe er blåstrupen eksotisk å sjå til, og han finst i bjørkeskog, og vierkratt òg i høgfjellet. Hannen konkurrerer med andre om å få pare seg, og fargerik fjørdrakt og flott song er sjekketriksa til blåstrupehannen! Hoa, med hovudansvar for egg og ungar, har meir behov for å gå i eitt med omgjevnadene
Heilo
Av vadefuglane som hekkar i fjellet er heiloen ein trufast følgjesvein for fjellvandraren. Heiloen er lett å kjenne på den melankolske plystrelyden, og den karakteristiske lyse stripa på sida. Heiloen er blant fuglane med reir på bakken i snaufjellet.