Flora

Omtrent halvparten av nasjonalparken er nærast fritt for vegetasjon og består av berg, sediment, is og snø. Litt lågare ned kjem hardføre vegetasjonstypar typiske for høgfjellet, som rishei, lavhei og snøleie.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen
Statsforvaltaren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer
E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Det meste av nasjonalparken ligg over skoggrensa, men i fjelldalane veks frodig fjellbjørkeskog. I dei austlege delane av nasjonalparken går skoggrensa heilt opp i 1200 moh. 

Jotunheimen held høgderekordar for mange av fjellplantane i Noreg. Det er funne i alt 36 karplanter over 2000 moh. Den kalkrike berggrunnen gjev vekstvilkår for fleire kravfulle artar. 

Fjellsmelle, blomst
Issoleie, blomst.

Issoleie

Issoleie, Ranunculus glacialis er den høgastveksande blomsterplanta i Noreg. Innunder Glittertinden er ho funnen heilt opp mot 2 370 moh.

Strategiane til denne hardhausen er å fange varme frå solstrålane, og å fordele utviklinga frå spire til frøsetting over fleire år.

Reinrose

Reinrose, Dryas octopetala, er ei evig grøn dvergbusk, der dei læraktige blada kan minne om små eikeblad.

Planta dannar store matter, i kalkrik grunn på vindblåste rabbar, heilt opp til 2.300 moh. Reinrosa veks sakte, men kan oppnå ein alder på minst 100 år. 

Reinrose, blomst.
Mogop, blomst

Mogop

Mogop er blant dei tidlegaste vårblomane. Saman med raudsildra kan denne vakre blomen dukke opp allereie tidleg i april – så snart snøfonnene trekkjer seg litt attende. Lokalt blir han kalla Bukkeblome (Lom) eller Geitblome (Vågå). 

Raudsildre

Raudsildre, Saxifraga oppositifolia veks i særs varierande miljø i fjellet, på bergknausar, i rasmark og i snøleie.

Raudsildra blomstrar svært tidleg i bratte sørhellingar der snøen smeltar først. Der snøen ligg lenge, kjem blomstringa seinare. Det er såleis mogleg å finne friske raudsildrer gjennom heile sommaren i Jotunheimen.

På Galdhøpiggen er raudsildra funnen heilt opp til 2 350 moh.

Raudsildre, blomst
Fjelldronning.

Fjelldronning

Fjelldronninga kneisar som vakre kvitkledde «dronningar» i dei mørke fjellsidene langs Gjende, og elles på næringsrik berggrunn. Ho vart kåra til Noregs nasjonalblom på ein internasjonal botanisk kongress i Amsterdam i 1935, men i dag blir røsslyngen som er utbreidd over heile landet rekna som nasjonalblom.

Fjelldronninga er kommuneblomen til Vågå, og i Vågå-dialekta har ho fått det mystiske namnet Vianvang.

Verdas minste tre

Musøyra (Salix herbacea) er ei viktig beiteplante både for både husdyr og rein, og  blir også kalla smørgras. Musøyra veks på snøleie, der det gjennom heile sommaren vil koma ferske skot av dei museøyreliknande små blada, etter kvart som snøen smeltar.

Denne ørvesle vierarten er verdas minste tre, og har mesteparten av planten godt beskytta under overflata.

Musøyra
Rosenrot.

Rosenrot

Rosenrot, Rhodiola rosea veks heilt opp til 2 300 moh. Planta har lange tradisjonar i urtemedisinen. Både samar og inuittar har brukt rosenrot i kosten, da dei ferske blada inneheld mykje vitamin C, og var saman med engsyre, molte, fjellkvann og furuskot dei viktigaste tilskota for å hindre skjørbuk der det elles var lite variasjon i kosten.

Fjellkvann

Fjellkvannen veks på fuktige plassar, og gjerne i tilknyting til bekkedrag. Kvann har frå gamal tid vore ei viktig mat- og medisinplante, særleg for arktiske folkegrupper som samar og inuittar. Men også i fjellområda i Sør-Noreg var kvann ein viktig nyttevekst, og den vart delvis kultivert og inngjerda av våre forfedrar.

I legebøker frå 15-/1600-talet var kvann skildra som medisin mot svært mange sjukdommar og plager; frå pest, dysenteri og kolera – til kolikk og feber.

I dag blir kvann mest brukt som smakstilsetjing til likørar og brennevin, men også som urtemedisin og te.

Fjellkvann, blomst.