Om verneområda

Jotunheimen byr på eit breitt spekter av opplevingar - frå frodige fjelldalar med fiskevatn til karrig høgfjell med brear og høge tindar. Utladalen er verna som landskapsvernområde, og her finst varmekjær lauvskog og høge fossar. Den smale og tronge dalen er omkransa av høge fjell, med dei majestetiske tindane i Hurrungane i vest.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen
Statsforvaltaren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer
E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Stetind, person på toppen av fjellet.

Høge toppar og frodige dalar

Nasjonalparken har høge toppar, frodige fjelldalar og fjellvatn der du kan prøve fiskelykka. Smaragdgrønne Gjende blir av mange rekna som vakraste innsjøen, og hit kjem kvart år mange for å gå den berømte fjellturen over Besseggen.

Mange fjellplanter har høgderekorden sin her, og i dei bratte fjellskrentane finn fleire rovfuglar hekkeplass. Landskapet har spor etter eldre fangstkultur med dyregraver og buplassar, og beitebruk og seterdrift har lange tradisjonar.

 

Last ned informasjonskart over Jotunheimen og Utladalen

Blomster og fjell i Jotunheimen

Jotunheimen nasjonalpark

«Jøtunheimen» døypte Aasmund Olavsson Vinje fjella her i 1862, inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi. I segn og folkeeventyr ser vi korleis den ville og storslåtte naturen i Jotunheimen har virka både lokkande og skremmande. Jotnane – trolla – har heimen sin her. Kom dei ut i dagslys og fekk sjå sola, sprakk dei og vart til stein!

Jøtunheimen vart seinare til Jotunheimen, namnet vi brukar i dag på dette mektige området, med dei høgaste fjella i Nord-Europa, den mest kjende nasjonalparken i Noreg.

Les meir

Jotunheimen ligg i overgangen mellom austlandsk og vestlandsk fjellnatur som inneheld særprega og representative økosystem og landskap utan tyngre naturinngrep. Ved å ferdast ansvarsfullt kan vi hindra at denne naturen tar skade.

Jotunheimen nasjonalparken vart oppretta i 1980, og dekkjer eit areal på ca. 1151 km2. Formålet med nasjonalparken er å verna eit vilt, eigenarta, vakkert og i stor grad urørt fjellandskap med geologiske førekomstar, dyre- og planteliv og kulturminne. I vest ligg Utladalen landskapsvernområde (314 km2), som ein frodig oase mellom høge tindar og brear.

Snøkledde fjelltoppar i Jotunheimen

Utladalen landskapsvernområde

Utladalen landskapsvernområde vart oppretta saman med Jotunheimen nasjonalpark i 1980.

Utladalen, oasen mellom tindane, er prega av det tronge gjelet med V-forma snitt og ei rekkje U-forma hengjedalar, som alle munnar ut i hovuddalen høgt opp i liene. Elva Utla kjem frå breane i Jotunheimen. Nedover dalen tek Utla imot fossefall frå hengjedalane på vest- og austsida. Dei høgste tindane i landskapsvernområdet, Stølsnostind og Falketind strekkjer seg opp mot 2 100 moh.

Les meir

Den urskogprega furuskogen på Vettismorki er særleg verdfull. Frå Vettismorki stuper Vettisfossen i 275 meter loddrett fall ned i Utladalen.

I nedre del av Utladalen er eventyrtrea, dei styva almetrea, i edellauvskogen lett å kjenne att. Her er eit rikt kulturlandskap med spor etter tidlegare gards- og stølsdrift. Det er hovudsakleg lauvingsbruk, slått og beite som har forma landskapet. Med korte avstandar mellom høgfjell og frodige dalar, har dyre- og planteliv stor spennvidde.

Personer på tur i fjellet

Landskap

Den kaledonske fjellkjeda strekker seg gjennom heile Noregs land, få sør til nord. Ein del av denne fjellkjeda kjenner vi som Jotunheimen og Jotundekket.

I Jotunheimen ligg dei høgaste fjella i Noreg. Galdhøpiggen når opp i 2469 moh, medan Glittertind, med si iskappe på toppen, berre er nokre meter lågare. Dei villaste og kvassaste tindane i Jotunheimen finn vi i Hurrungane, med Store Skagastølstind 2403 moh. som ”Konge” og det tredje høgste fjellet i Noreg.

Les meir

Den største breen er Smørstabbreen som dekkjer om lag 15 km2 . Breane sine rørsler er av stor interesse for m.a. geologar og klimaforskarar. Berggrunnen omkring fjella og breane dannar mengder med lausare og meir næringsrike bergartar. Dei store høgdeskilnadene, mangfaldet i berggrunnen og klima skapar grobotn for ein mangfaldig vegetasjon.

Nasjonalparken har fleire store innsjøar, med Gjende som den største. Tilførsla av slamhaldig brevatn gjev Gjende ein smaragdgrøn farge på seinsommaren. Det djupblåe Bessvatnet ligg like ved, 400 meter høgare. Mellom dei to vatna går det ein merka sti over den smale Besseggen – ein av dei mest vidgjetne attraksjonane i den norske fjellheimen. Det var her diktaren Henrik Ibsen henta inspirasjonen tilPeer Gynt sitt vågale ritt over «Gjendin-eggen» på ryggen av ein reinsbukk.

Fjell som speiles i vann

Friluftsliv

Jotunheimen har sidan 1800-talet vore eit av dei mest populære områda i landet for fjellvandring. I dag er det om lag 300 km med T-merkte fotturruter i Jotunheimen og Utladalen, med høve til både korte og lange fotturar. Om vinteren er det kvista skiløyper fleire stader. Mange av fjelltoppane eignar seg som turmål, men ein god del fjelltoppar krev klatring for å nå til topps.

Les meir

I utkanten og inne i nasjonalparken er det ei rekkje betente og ubetente turisthytter. Sjølv om ferdsla er stor til tider på året, kan ein endå oppleve fridomen, mystikken, roa og stilla i naturen som friluftslivet er tufta på. Høgsesongen for fotturar er siste halvdel av sommaren.

Hurrungane, lengst vest i nasjonalparken, er eit mekka for fjellklatrarar. Her er både lettare og svært vanskelege klatreruter. Turen opp på Store Skagastølstind er tung, lang og vanskeleg, og krev klatring med klatreutstyr og tau.

Hugs at å ferdast på bre kan vere farleg pga. sprekker i breen. All ferdsel på bre må skje med bruk av tau og anna sikringsutstyr, samt kunnskap om korleis ein kan ferdast trygt på bre. Ein kan òg leige seg ein fjellførar. Fleire selskap og turlag tilbyr organiserte turar i nasjonalparken, både enklare ski- og fotturar og meir krevjande alpine turar på bre og tindar.

Dei betente turisthyttene og dei lokale turistkontora kan gje meir informasjon om tilbodet av slike turar. Fleire vatn og vassdrag i Jotunheimen har godt aurefiske, særleg dei større sjøane. I mange av vatna og vassdraga vert det drive fiskekultivering. Jakt og fiske i nasjonalparken krev at ein har kjøpt jakt- og fiskekort.

Personer vandrer på bre

Dyreliv

Livet i høgfjellet er berre for dei som har knekt koden. Det er ikkje for alle å overleve lange vintrar og strie vindar. Her lever dyr og fuglar som taklar tilhøve ein ikkje skulle tru var mogleg å leve i. 

arrow-r
Reinskalv

Fuglar

Det er registrert om lag 75 hekkande fugleartar i nasjonalparken, og Jotunheimen utgjer eit viktig område for ulike artar av rovfugl. I dei tette lauvskogane i Utladalen> hekkar ein god del låglandsartar, så tal hekkande fugleartar i verneområda i Jotunheimen er truleg over 100 artar.  

arrow-r
Fjellvåk, fugl.

Insekt

Insekta er livsviktige for mange artar. Dei utgjer ein stor del av skapningane som lever i fjellet.

 

arrow-r
Fjellblåvenge.

Ein rik fjellflora

Omtrent halvparten av nasjonalparken er nærast fritt for vegetasjon og består av berg, sediment, is og snø.  Litt lågare ned kjem hardføre vegetasjonstypar typiske for høgfjellet, som rishei, lavhei og snøleie.

 

arrow-r
Blomst i jotunheimen.

Villrein

I Noreg har vi eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen: Omlag 90 prosent av den ville tundrareinen i verda finst her i landet. Denne høgfjellsarten framfor nokon er tilpassa låge temperaturar og karrige beite, og flokkane er stadig på vandring mellom beite- og kalvingsområde gjennom året.  

arrow-r
Villrein i Hurrungane

Tamreindrift i Jotunheimen

Tamreinlaga i Lom og Vågå har rundt 2400 dyr kvar i vinterflokken, så i sommarhalvåret er det fleire tusen dyr som beitar i Jotunheimen og området rundt. Tamreinen er ikkje spesielt sky, og fjellvandrarane kan ofte oppleve å møte desse vakre dyra. 

Vis omsyn om du møter rein på tur, ikkje forstyrr dyra unødig. Husk bandtvang.

arrow-r
Reinsgjeter fører an for en flokk med rein

Kulturlandskap og historie

Landskapet har spor etter eldre fangstkultur med dyregraver og buplassar, og beitebruk og seterdrift har lange tradisjonar.

arrow-r
Kyr på beite.

Forvaltning 

Styret for Jotunheimen Nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde har eigen nettstad. 

 

Fangstgrav ved Skogadalsbøen