Hyttene i Jotunheimen

Fleire av turisthyttene i Jotunheimen starta med ein kombinasjon av seterdrift og fjellturisme på 1800-talet, da dei første fjellpionerane kom for å klatre til topps på dei høgaste toppane. Hyttene vart gradvis utvida, og tilbyr i dag varierte overnattingstilbod i fjellheimen. Dei fleste har servering, men på sjølvbetjeningshyttene ordnar gjestene maten sjølve. Besseggen var første fjellturen som vart merka for rein fritidsbruk i 1874, og fjellvandring har utvikla seg frå ein sport for dei få, til noko som alle kan drive med.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen
Statsforvaltaren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer
E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Title Address Description
Jotunheimen nasjonalpark
Jotunheimen, Lom, Norge
Fanaråkhytta
9FH9GW85+M8
Gjendebu
2686 Lom, Norge
Gjendesheim
Gjendevegen 200, 2683 Tessanden, Norge
Glitterheim
9FHCJJFM+45
Veodalen
9FHCMPC9+J2
Memurubu
FJRH+7W Gjendebu, Norge
Olavsbu
6877 Fortun, Norge
Skogadalsbøen
6877 Fortun, Norge
Vetti Gard
9WFG+WM Teigen, Norge
Avdalen Gard
9V4J+F4 Teigen, Norge
Krossbu parkering
Fv55 1, 2687 Bøverdalen, Norge
Krossbu Turisthytte
Sognefjellsvegen 4688, 2687 Bøverdalen, Norge
Sognefjellshytta
Sognefjellsvegen 4974, 2687 Bøverdalen, Norge
Leirvassbu
Leirdalsvegen 1440, 2687 Bøverdalen, Norge
Lom Nasjonalparklandsby og Lom fjellmuseum
Brubakken 2, 2686 Lom, Norge
Spiterstulen
Visdalsveien 1710, 2686 Lom, Norge
Juvasshytta
2686 Lom, Norge
Turtagrø parkering
Sognefjellsvegen 6666, 6877 Fortun, Norge
Turtagrø
Fv55 340, 6877 Fortun, Norge
Bygdin
Bygdin, Vang kommune, Norge
Eidsbugarden
Eidsbugardvegen, 2985 Tyinkrysset, Norge
Fondsbu
DNT Fondsbu, Eidsbugardvegen 1920, 2985 Tyinkrysset, Norge
Utladalen Naturhus
Utladalsvegen 3, 6884 Øvre Årdal, Norge
Tyinkrysset
Tyinkrysset, Norge
Hjelle parkering
Utladalsvegen 1, 6884 Øvre Årdal, Norge
Gjendebu.

Gjendebu

Gjendebu er den eldste turisthytta i DNT-systemet, og har vore i drift i snart 150 år.
​​​​​​​Den vart vedtatt bygd i november 1868, same året som DNT vart stifta. Første bestyraren vart tilsett i 1871.  Hytta ligg midt i Jotunheimen, men er lett tilgjengeleg med båt frå Gjendesheim.

Les meir

Gjendesheim Turisthytte

Gjendesheim ligg ved Gjende, den mest trafikkerte innfallsporten til Jotunheimen.

Les meir

Memurubu.

Memurubu – ved foten av Besseggen

Den første turisthytta her var ei steinbu som vart kjøpt av DNT i 1870, og i 1884 hadde Ole Sveine frå Lom bygd opp ei ny turisthytte. Det var aktiv seterdrift i Memurubu frå 1880-åra og fram til 1989, og turismen utvikla seg gradvis til dagens turisthytte.

Les meir

Fannaråkhytta

DNT-hytta Fannaråkhytta er turisthytta som ligg høgast til fjells i Noreg, 2068 moh. Overnatting her krev bestilling på førehand.

Les meir

Fannaråkhytta
Glitterheim.

Glitterheim

Ved foten av Glittertinden finn du den tradisjonsrike turisthytta Glitterheim. 

Les meir

Olavsbu

Olavsbu er sentralt plassert mellom Leirvassbu, Gjendebu, Fondsbu og Skogadalsbøen, og er DNT Oslo og Omegn si mest besøkte sjølvbetjeningshytte. Frå her kan du nå fleire totusenmeterstoppar.

Les meir

Turgåere ved Olavsbu.
Skogadalsbøen.

Skogadalsbøen

Allereie rundt 1870 kom dei første turistane og tindebestigarane til Skogadalsbøen. I starten skjedde overnattinga i selet. Etter kvart som fleire turistar oppdaga dette vakre området vart Skogadalsbøen bygd, som nr. 8 i rekkja av DNT-hytter. Første hytta stod ferdig sommaren 1888.

Les meir

Vetti Gard

Vetti Gard Turiststasjon ligg ved foten av Vettisfossen, og har vore ein viktig stad for fjellfolk sidan fjellpionerane fann vegen innover Utladalen alt på 1800-talet.

Les meir

Avdalen Gard

Avdalen Gard

Avdalen Gard er ein tidlegare fjellgard i Utladalen, og ligg like ved Avdalsfossen.

Les meir