Besøkssenter og innfallsportar

Ein «innfallsport» er ein stad der du kan få verdifull informasjon som gjev deg ei best mogleg oppleving hjå oss. Rundt Jotunheimen er det veletablerte turistbedrifter ved omtrent alle innfallsportane, der det er tilrettelagt med parkeringsplass, informasjon og moglegheit for overnatting.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyre for Jotunheimen og Utladalen
Postboks 987
2626 Lillehammer
E: fminpost@fylkesmannen.no

M

Meny

Title Address Description
Jotunheimen nasjonalpark
Jotunheimen, Lom, Norge
Fanaråkhytta
9FH9GW85+M8
Gjendebu
2686 Lom, Norge
Gjendesheim
Gjendevegen 200, 2683 Tessanden, Norge
Glitterheim
9FHCJJFM+45
Veodalen
9FHCMPC9+J2
Memurubu
FJRH+7W Gjendebu, Norge
Olavsbu
6877 Fortun, Norge
Skogadalsbøen
9FHCF276+3J
Avdalen Gard
9V4J+F4 Teigen, Norge
Krossbu parkering
Fv55 1, 2687 Bøverdalen, Norge
Krossbu Turisthytte
Sognefjellsvegen 4688, 2687 Bøverdalen, Norge
Sognefjellshytta
Sognefjellsvegen 4974, 2687 Bøverdalen, Norge
Leirvassbu
Leirdalsvegen 1440, 2687 Bøverdalen, Norge
Lom Nasjonalparklandsby og Lom fjellmuseum
Brubakken 2, 2686 Lom, Norge
Spiterstulen
Visdalsveien 1710, 2686 Lom, Norge
Juvasshytta
2686 Lom, Norge
Turtagrø parkering
Sognefjellsvegen 6666, 6877 Fortun, Norge
Turtagrø
Fv55 340, 6877 Fortun, Norge
Bygdin
Bygdin, Vang kommune, Norge
Eidsbugarden
Eidsbugardvegen, 2985 Tyinkrysset, Norge
Fondsbu
DNT Fondsbu, Eidsbugardvegen 1920, 2985 Tyinkrysset, Norge
Torfinnsbu
9FHC9H4W+G9
Utladalen Naturhus
Utladalsvegen 3, 6884 Øvre Årdal, Norge
Vetti gard
9WFG+WM Teigen, Norge
Tyinkrysset
Tyinkrysset, Norge
Hjelle parkering
Utladalsvegen 1, 6884 Øvre Årdal, Norge

Norsk Fjellsenter

Norsk Fjellsenter er autorisert besøkssenter for Jotunheimen. Senteret ligg i nasjonalparklandsbyen Lom, som ligg omkransa av tre nasjonalparkar: Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.

Her kan du få tips til turar i og utanfor nasjonalparkane.

Les meir

Norsk fjellsenter, Lom.
Bru over fjellvatn.

Sognefjellshytta

Her kan du ta ein stopp og få informasjon om nasjonalparken. Det er laga ein rundtur på om lag ein kilometer rundt vestre del av Fantesteinvatnet, med gangbru og opparbeidd gangbane, der det er tilrettelagt for at alle skal kunne ta seg fram. Ein del av stigen har universell utforming.

Her ved Sognefjellshytta spelar arkitekturen saman med norsk høgfjellsnatur. Jensen & Skodvin er arkitekt for Nasjonale Turistveger sitt bygg ved Sognefjellshytta, og  Dronninga Landskap har utforma utkikkspunktet til nasjonalparken. Gangbrua er konstruert av Florian Kosche fekk Norsk stålkonstruksjonspris i 2019.

Sognefjellshytta ligg ved Nasjonal Turistveg Sognefjellet, og har fått eit spektakulært bygg i tre og glas som knyter saman dei to opphavlege bygningane. I mellombygget er det offentleg toalett.

Gjende og Gjendesheim

Gjendesheim ligg ved Gjende, den mest trafikkerte innfallsporten til Jotunheimen.
Her startar Besseggen-turen for dei fleste – enten du vil ta båten inn til Memurubu og gå tilbake over Besseggen, eller om du vil gå turen frå Gjendesheim til Memurubu.

Hovudparkeringa for Gjendeområdet ligg på Reinsvangen, knapt 2 km aust for Gjendesheim. Frå her er det shuttlebuss som tek deg nesten til nasjonalparkgrensa.

Gjendebåten 

Parkering ved Gjende 

Nasjonal Turistveg 

Besseggen.
Bessheim, Jotunheimen

Bessheim

Bessheim har lange tradisjonar i fjellturisme.

Første vertinna, Kari Storvik, starta med seterturisme sist på 1800-talet, og i 1890 kom første hytta bygd med tanke på turistverksemd. Besseggen med Bessheim som utgangspunkt har ei historie som er eldre enn dagens rute med Gjendebåten (1906) mellom Memurubu og Gjendesheim. Gjestene vart rodde frå Bessvassosen til Bandet og turen gjekk over Besseggen og Veslfjellet, ned til Bessvatnet og attende til Bessheim. Den varda stigen frå Memurubu til Bessheim var den første ruta som vart merka av DNT, i 1874.

Les mer

Bygdin

Bygdin høgfjellshotell ligg ved Fv. 51, i vestenden av den store innsjøen Bygdin.  Innsjøen er regulert.  I sommarsesongen er det daglege båtavgangar til Torfinnsbu og Eidsbugarden/Fondsbu med båten MB Bitihorn, som har gått i rute her heilt sidan 1912. 

Båttransport på Bygdin

Bygdin høgfjellshotell

Bygdin høgfjellshotell
Torfinnsbu.

Torfinnsbu

Torfinnsbu er ei sjølvbetjeningshytte i DNT-rutenettet. I sommarsesongen er det daglege båtavgangar til Torfinnsbu frå Eidsbugarden eller frå austenden av Bygdin med båten Bitihorn, som har gått i rute her heilt sidan 1912.

Torfinnsbu på Ut.no

Båttransport på Bygdin

Eidsbugarden og Fondsbu

Eidsbugarden i vestenden av innsjøen Bygdin er ein av dei eldste møteplassane for fjellturistar i Jotunheimen, og den første hytta her vart bygd av diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje i 1868. Eidsbugarden hotell og DNT-hytta Fondsbu byr på overnatting og servering. I sommarsesongen er det daglege båtavgangar mellom Eidsbugarden og austenden av Bygdin med båten Bitihorn, som har gått i rute her heilt sidan 1912.

Båttransport på Bygdin

Eidsbugarden hotell
Turtagrø

Turtagrø

Turtagrø Hotel ligg i Vest-Jotunheimen ved Nasjonal Turistveg Fv. 55 over Sognefjellet, og har tradisjonar heilt tilbake til 1880-åra. Turtagrø og Hurrungane har vorte kalla norsk fjellsports vogge, og er ein sentral samlingsplass for fjellklatring, vårskiturar, toppturar, breturar og vanleg fjellvandring.

Les meir

Krossbu

Krossbu ligg på austsida av turistvegstrekninga langs Fv. 55 over Sognefjellet. Med enkel tilgang til brevandring og turar til ei rekkje 2000-meterstoppar er det ein populær plass for fjellvandrarar. Krossbu er knytt til DNT-rutenettet, men er nok mest kjend for vårskiløping og brevandring.

Les meir

Krossbu
Person på ski gjør en salto

Leirvassbu i Leirdalen

Emanuel Mohn, ein av dei store profilane i norsk fjellsport og ein av grunnleggarane av Den Norske Turistforening ( DNT ), tok i 1873 tok til orde for å byggje den første turisthytta ved Leirvatnet. DNT løyvde pengar, og etter avtale med gardbrukar Thorstein Sulheim i Lom, stod året etter ei steinbu med fire senger klar for dei første reisande. Etter kvart kom ei ny og større hytte som gradvis vart utvida, og hytta har i dag 200 gjestesenger. Leirvassbu ligg svært sentralt, med tilgang til rundt femti 2000-meterstoppar i dagsturavstand.

Les meir

Juvasshytta og Galdhøpiggen

Juvvasshytta har lange tradisjonar i fjellføring til Galdhøpiggen, men er også utgangspunkt for andre spanande toppturar. Det var den kjende fjellføraren Knud Vole (1849-1929) som bygde den første hytta oppe på høgfjellsplatået ved foten av Galdhøpiggen i 1885. Han bygde også første hytta på toppen av Galdhøpiggen, i 1888. Det er Juvasshytta som eig og driftar også Pigghytta, oppe på Noregs tak. Her kan ein kjøpe seg drikke og litt kioskvarer, men det er inga overnattingshytte der folk kan søke ly for natta.

Les meir

Toppen av Galdhøpiggen
Vandring på isbre

Spiterstulen

Spiterstulen ligg 1111 moh. ved den gamle ferdselsvegen gjennom Visdalen i Lom. Vegen tek av frå hovudvegen Fv. 55 ved Røisheim i Bøverdalen. Dette var opphavleg setra til  Nigard Sulheim, men på 1800-talet vart setra bygd på med rom for ferdafolk. Steinar Sulheim (1815 – 1856) gjorde førstebestigninga av Galdhøpiggen i 1850 – som kjentmann dei to lærarane Arnesen og Flåten. Andre fjellpionerar, som Slingsby, vitja fleire gonger Spiterstulen.  I den lune Visdalen finn du ein svært rik flora, men du kan også velja avanserte fjellturar – med tilgang til 17 av dei høgaste toppane i Noreg. Det er tilbod om bre- og fjellføring frå turisthytta, og den mest spektakulære breen er Svellnosbrean – også kalla Eventyrisen

Les meir

Veodalen og Glitterheim

For å koma til Glitterheim tek du av frå Fv. 51 ved Randsverk, og det er opparbeidd parkeringsplass ved nasjonalparkgrensa i Veodalen. Det er mogleg å leige sykkel ved bommen, for turen vidare inn til Glitterheim.

Fjellandskap, utsikt mot Glittertind
Kafeen Flye 1389

Flye 1389

Det nye serviceanlegget Flye 1389 står klart frå sommaren 2020. Her blir det matservering, toalett og ei base for aktivitetar. 

Flye 1389

Utladalen

Frå Øvre Årdal kan du følgja Utladalsvegen kring 7 km til parkeringa ved Hjelle. Derifrå går Vettisvegen (om lag 5 km) forbi Utladalen Naturhus, og opp til Vetti Gard Turiststasjon.

Utladalen er eit flott utgangspunkt for dagsturar til Avdalen Gard, Vetti Gard, Vettisfossen eller Vettismorki, men også lengre turar inn i Jotunheimen.

Vettisvegen kryssar elva Utla fire stader og du kan oppleva både Hjellefossen, Avdalsfossen og Høljahølen før du kjem til Vettisfossen. Vegen vart bygd på dugnad i 1973-1977, og omtalast også som Folkevegen. Du kan ferdast til fots og med sykkel, men det er forbod mot bruk av elsykkel.

Vetti Gard og fjellgarden Avdalen

Fossefall.
Utladalen Naturhus

Utladalen naturhus

Utladalen Naturhus er ein døropnar til natur- og kulturhistoria i Vest-Jotunheimen og Utladalen. Naturhuset byr på både informasjon, utstilling og servering.

Naturhuset organiserer skjøtselsarbeidet i heimre Utladalen. Gjennom dette arbeidet ynskjer ein at kulturlandskapet skal stå fram slik det var den gong det var aktiv gardsdrift i dalen.

Les meir om opplevingar i Utladalen 

Les meir om Utladalen på Vettisrikett