1. Heim
  2. Nyheiter
  3. Du har faktisk ikkje lov til å bruke dronen din i Jotunheimen og Utladalen

Du har faktisk ikkje lov til å bruke dronen din i Jotunheimen og Utladalen

Lengtar du etter ein vårskitur i Jotunheimen eller ein tur i den ville og frodige Utladalen? Planlegg du å ta med dronen din på tur? Det er veldig kjekt å kunne vise dei flotte bileta frå turen til vener, også på sosiale media. Det er likevel ikkje alle som er så glade for å få […]
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen
Statsforvaltaren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer
E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Lengtar du etter ein vårskitur i Jotunheimen eller ein tur i den ville og frodige Utladalen? Planlegg du å ta med dronen din på tur?

Det er veldig kjekt å kunne vise dei flotte bileta frå turen til vener, også på sosiale media. Det er likevel ikkje alle som er så glade for å få ein drone surrande over hovudet. Dette gjeld både folk og dyr, og av omsyn til mellom anna rovfuglane er det forbod mot bruk av drone i Jotunheimen nasjonalpark og i Utladalen landskapsvernområde. Her kan du møte fleire sårbare rovfuglartar, og områda er verna for å kunne ta vare på slike spesielle og viktige naturverdiar, også for våre etterkomarar.

Verneforskriftene for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde (§§ 3 pkt. 7.3) set forbod mot bruk av «modellfly og liknande» i nasjonalparken og landskapsvernområdet. Begrepet «og liknande» omfattar dronar.

Rovfuglane treng ro i hekketida. Fuglane vert lett skremde av både folk og dronar, og dersom du flyg drone i denne mest sårbare tida for rovfuglane er sjansen for at dei flyg av reiret svært stor. Med gjentatte forstyrringar kan egga eller fugleungane bli nedkjølt og dø. Det skal ikkje så mykje til. Sjølv turgåing åleine vil kunne slå uheldig ut. Det er derfor viktig å ikkje kome for nære reiret, og trekke seg unna dersom ein oppdagar hekkande fugl. Nasjonalparkstyret håpar du får ei fin turoppleving i Jotunheimen og Utladalen, men hugs å legge att dronen, eller pakk han ned i sekken når du passerer vernegrensa! God tur!

Av omsyn til mellom anna rovfuglane er det forbod mot bruk av drone i Jotunheimen. Foto: Thor Østbye.