Vi gratulerer vinnarane av konkurransen!

I anledning 40-års jubileet for Jotunheimen inviterte nasjonalparkstyret til konkurranse. Vi har no kåra topp tre i konkurransen.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen
Statsforvaltaren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer
E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

I anledning 40-års jubileet for Jotunheimen inviterte nasjonalparkstyret til konkurranse. Vi har no kåra topp tre i konkurransen.

  1. premie bok om Norges nasjonalparker: Ingvild Øyjordet
  2. premie sitteunderlag: Kjetil Kjernsmo og Sveinung Råheim

Vi har også trekt eit sitteunderlag og nokre grøne Jotunheimen-koppar blant alle deltakarane. Vi takkar for mange gode svar og gratulerer vinnarane!

Framhald under bildet.

Tettegras er ei kjøtetande plante. Insekt som set seg fast på den klebrige bladrosetten blir fortært av enzym som planta skil ut.
Foto: Kari Sveen.

Svar på spørsmåla:

Spørsmål 1:
Fjella har vokse opp ved at magma har blitt pressa opp gjennom sprekker i jordskorpa, og dei harde Jotunbergartane er motstandsdyktige mot erosjon.

Spørsmål 2:
Den flotte vårblomen er mogop, også kalla bukkeblome (i Lom) eller geitblome (i Vågå).

Spørsmål 3:
Det er 4 DNT-hytter i Jotunheimen nasjonalpark. (Skogadalsbøen ligg i Utladalen landskapsvernområde).

Spørsmål 4:
Fuglen som var avbilda og som du kan treffe på i Jotunheimen er steinskvett.

Spørsmål 5:
Tettegras er den kjøtetande planta som var avbilda. Insekt som set seg fast på den klebrige bladrosetten blir fortært av enzym som planten skil ut.

Spørsmål 6:
Det er jerven som har sett att spora i snøen.

Spørsmål 7:
Haukugle

Spørsmål 8:
Issoleie er høgfjellsarten som var avbilda.

Spørsmål 9:
Smaragdfargen i elva Utla skuldast fine leirpartiklar i breslammet som breelvane fører med seg.

Spørsmål 10:
Kreftkjuke, Inonotus obliquus, har vore nytta i folkemedisin og har lang kulturhistorie som medisin i Russland.