Nasjonalparkstyret vedtok i møte 30.11.20 å innføre ordninga med tilhøyrlogo for Jotunheimen nasjonalpark til kommersiell bruk. All bruk skal skje i samsvar med retningsliner for merkevaren Norges nasjonalparker som er fastsett av Miljødirektoratet. Merket for Jotunheimen kan berre tildelast aktørar med forretningsadresse i ein av kommunane med areal i nasjonalparken: Lom, Luster, Vang, Vågå og Årdal.
Merket kan omfatte produkt som opplevingar, aktivitetar, overnatting og servering, forbruksvarer som mat og drikke, eller lokalt produserte produkt som kan knytast til verneområda Jotunheimen og Utladalen. Merket kan t.d. sjå ut slik som biletet nedanfor viser.
Den aller første som fekk tildelt merket for Jotunheimen er Gjendeguiden i Vågå.
Vi gratulerer Ørjan Venås og Knut Erik Tessnes i Gjendeguiden med tildelinga!
Om du trur at dette kan vera noko for di bedrift, kan du finne søknadsskjema her