1. Heim
  2. Nyheiter
  3. Ny ferdselsteljar på plass i Jotunheimen

Ny ferdselsteljar på plass i Jotunheimen

Ferdselsteljingar er til god hjelp for forvaltninga av nasjonalparken. Kunnskap om kor mange som brukar nasjonalparken og kvar ferdsla er størst hjelper oss med å setja i verk tiltak som stirestaurering der behova er størst.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen
Statsforvaltaren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer
E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Ferdselsteljingar er til god hjelp for forvaltninga av nasjonalparken. Kunnskap om kor mange som brukar nasjonalparken og kvar ferdsla er størst hjelper oss med å setja i verk tiltak som stirestaurering der behova er størst.

Det har opp gjennom åra vore utført ferdselsteljingar fleire plassar i Jotunheimen, og det er nyttig å følgje utviklinga over tid. I 2020 har vi teljarar på stigen over Besseggen, til Knutshøe, mot Galdhøpiggen frå Spiterstulen, på vegen innover Utladalen mot Vetti, og mot Fannaråken frå Helgedalen. Teljarane registrerer automatisk alle som passerer, og vi kan hente ut statistikk som viser korleis ferdsla fordeler seg gjennom sesongen og variasjon mellom vekedagar. Ferdselsregistreringar kan også dokumentere kva trafikk vi har inn mot sårbare område i hekkesesongen på vår og forsommaren, og kan gje eit grunnlag for å gje meir målretta informasjon til dei som brukar verneområdet.