Det vart før sesongen 2020 rekna med ekstra stor trafikk i fjellet, som følgje av restriksjonar på utanlandsreiser. Samtidig kjem det nesten ingen utanlandske turistar, så spådommane om at det ville bli stor trengsel i fjellheimen har ikkje slått til. Det er god plass for fjellvandring, men det er i år ekstra viktig å planlegge turen nøye på grunn av koronatiltak ved turistbedrifter og på transporttilbod.
Mange vil velja teltlivet, og uansett om det blir få eller mange fjellturistar er det viktig å hugse på ein ting: Forlat leirplassen like fin som da du kom! Hugs å ta med deg alt søppel, og finn ein eigna plass for toalettbesøk, der det går an å dekke over med litt jord og stein. Bruk berre lett nedbrytbart toalettpapir. Våtserviettar og papirlommetørkle er søppel som du må ta med ut. Slik kan vi ønskje nestemann velkomen inn i rein natur.