Villrein

I Noreg har vi eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen: Omlag 90 prosent av den ville tundrareinen i verda finst her i landet. Denne høgfjellsarten framfor nokon er tilpassa låge temperaturar og karrige beite, og flokkane er stadig på vandring mellom beite- og kalvingsområde gjennom året.   
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen
Statsforvaltaren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer
E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Vest-Jotunheimen villreinområde

I tidlegare tider streifa det ein talrik villreinstamme rundt i Jotunheimen. Det var truleg rein som dreiv forfedrane våre hit. Reinsdyra kom hit sidan iskanten trekte seg nordover. Og når bytedyra trekte nordover, følgde vi etter. I dag held villreinen i Jotunheimen til i Vest-Jotunheimen, medan tamreinlaga i Vågå og Lom driftar store tamreinflokkar aust i Jotunheimen.  

Villreinområdet i Vest-Jotunheimen er eitt av 23 villreinområde her til lands. Det er eit forholdsvis lite villreinområde med ein vinterstamme på ca. 400 dyr. Desse reinsdyra er etterkomarar av den siste tamreinstammen som heldt til i dette området.  

Villrein i Hurrungane.
Villrein

Villrein – eit felles ansvar 

Det mest kritiske for villreinen er ikkje enkeltepisodar av forstyrring. Det er den totale mengda av forstyrringar som kan jaga reinsdyra vekk frå viktige leveområde. Når vi brukar naturen må vi derfor akte oss for å unngå å uroe reinsdyra.

Dersom du oppdagar villrein; trekk deg roleg tilbake den vegen du kom frå. Forsøk å unngå at dyra får vêr av deg og forsøk å unngå å røre deg i silhuettar. 

Villreinen sin bruk av området

Vanleg bruk har vore at nesten alle dyra i bestanden har samla seg i indre del av området, mot Austabotn og Sognefjellet, i vinterhalvåret. Her er dei beste vinterbeita, med mindre nedbør og meir avdrift av snø. Mot våren trekker simler og ungdyr sørover ut på kalvingsområda.  Dei held seg her i ytre del av området fram mot vinteren att. Mesteparten av bukkane vert gåande i indre del av villreinområdet gjennom sommaren til brunsten set inn. Då trekker dei sørover til dei ytre delane av området før dei returnerer til dei indre delane på vinterbeite att.

Hjå Norsk fjellsenter i Lom kan du lære meir om reinen

Villrein i Hurrungane