a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart
a

Meny

Velkommen til Jotunheimen nasjonalpark

Jotunheimen gjev deg fjellopplevingar du seint vil gløyme. Her er tilbod til alle – om du vil klatre på dei høgaste toppane, eller berre oppleve naturen ved eit stille fjellvatn.

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen
Statsforvaltaren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer
E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Nyheiter

Rype på en stein.

Om Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde

Bygdene kring nasjonalparken i dei fem kommunane Lom, Luster, Vang, Vågå og Årdal er attraksjonar i seg sjølve, med både natur og kulturopplevingar som er vel verdt å utforska.

arrow-r

Korleis kome seg til Jotunheimen

Jotunheimen ligg midt i Sør-Noreg, 4-5 timars køyretur frå Oslo, Trondheim eller Bergen. I sommarsesongen går det også bussruter til Jotunheimen.

arrow-r
På veg opp til Storebjørn.
Barn hviler på tur i fjellet.

Opplevingar og besøksmål

Juli og august er høgsesong for fjellvandring, men stadig fleire brukar fjellet til alle årstider. Dei mest populære turmåla er Besseggen og Galdhøpiggen, men Jotunheimen kan by på rundt to hundre 2000-meterstoppar og rolege fjelldalar om du vil vera for deg sjølv i fjellet.

arrow-r

Hytter i Jotunheimen

Dei første fjellturistane kom til Jotunheimen allereie på 1800-talet, og fleire av turisthyttene starta opp i kombinasjon med seterdrift. Hyttene vart gradvis utvida, og tilbyr i dag varierte overnattingstilbod i fjellheimen.

arrow-r
Gjendebu, turisthytte i fjellet
Familie ser inn i fjellheimen

Besøksmål og innfallsportar

Kjende turisthytter som Eidsbugarden/Fondsbu, Turtagrø, Sognefjellshytta, Krossbu, Leirvassbu, Spiterstulen og Gjendesheim dannar innfallsportar til Jotunheimen. Utladalen Naturhus ønskjer deg velkomen inn via Utladalen i vest.

arrow-r

Råd om ferdsel

Alle er velkomne til Jotunheimen og Utladalen, men det er viktig å etterlate leirplassen rein og ryddig til nestemann som kjem.

Planlegg turen, og pass på at du er kledd for høgfjellet. Vis omsyn til dyr og fuglar, og hugs at du er gjest i naturen.

arrow-r
Telt i fjellet.
Title Address Description
Jotunheimen nasjonalpark
Jotunheimen, Lom, Norge
Fanaråkhytta
9FH9GW85+M8
Gjendebu
2686 Lom, Norge
Gjendesheim
Gjendevegen 200, 2683 Tessanden, Norge
Glitterheim
9FHCJJFM+45
Veodalen
9FHCMPC9+J2
Memurubu
FJRH+7W Gjendebu, Norge
Olavsbu
6877 Fortun, Norge
Skogadalsbøen
9FHCF276+3J
Avdalen Gard
9V4J+F4 Teigen, Norge
Krossbu parkering
Fv55 1, 2687 Bøverdalen, Norge
Krossbu Turisthytte
Sognefjellsvegen 4688, 2687 Bøverdalen, Norge
Sognefjellshytta
Sognefjellsvegen 4974, 2687 Bøverdalen, Norge
Leirvassbu
Leirdalsvegen 1440, 2687 Bøverdalen, Norge
Lom Nasjonalparklandsby og Lom fjellmuseum
Brubakken 2, 2686 Lom, Norge
Spiterstulen
Visdalsveien 1710, 2686 Lom, Norge
Juvasshytta
2686 Lom, Norge
Turtagrø parkering
Sognefjellsvegen 6666, 6877 Fortun, Norge
Turtagrø
Fv55 340, 6877 Fortun, Norge
Bygdin
Bygdin, Vang kommune, Norge
Eidsbugarden
Eidsbugardvegen, 2985 Tyinkrysset, Norge
Fondsbu
DNT Fondsbu, Eidsbugardvegen 1920, 2985 Tyinkrysset, Norge
Torfinnsbu
9FHC9H4W+G9
Utladalen Naturhus
Utladalsvegen 3, 6884 Øvre Årdal, Norge
Vetti gard
9WFG+WM Teigen, Norge
Tyinkrysset
Tyinkrysset, Norge
Hjelle parkering
Utladalsvegen 1, 6884 Øvre Årdal, Norge
Portal-Norges-nasjonalparker

Kvar ligg Jotunheimen nasjonalpark?

Jotunheimen nasjonalpark ligg i kommunene Lom, Luster, Vang, Vågå og Årdal. Midt mellom Oslo, Bergen og Trondheim. 

Togstasjon

Korleis kjem eg meg dit?

Via E6/Rv15 og E16, og Rv51 over Valdresflya og Riksveg 55 over Sognefjellet. Det er fleire tilbod om kollektiv transport. Les meir

Parkering

Nasjonalparkar i nærleiken

Breheimen nasjonalpark, Reinheimen nasjonalpark, Langsua nasjonalpark, Jostedalsbreen nasjonalpark og Nærøyfjorden landskapsvernområde.

Allemannsretten – gleder og plikter

Tenk, kor heldige vi er: Allemannsretten er eit gratis fellesgode som gir deg rett til å bruka utmarka, uavhengig av grunneigar. Vi har frå gamalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, etter elvane, på innsjøar, i skjergarden og til fjells. Så lenge du viser omsyn og tar med deg alt avfall, gjer allemannsretten at du kan ferdast fritt i naturen.

Hovudprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova av 1957. Ein grunnregel for alle som nyttar seg av allemannsretten: Forlat naturen slik du gjerne vil finna den sjølv!

Multebær

Velkomen til Jotunheimen, ta vare på naturen

Allemannsretten. Du kan gå der du vil på beina og på ski. Følg gjerne merka stig eller stikka løype i nasjonalparken. Det er lov å ri eller sykle på stigar og vegar. Du kan slå opp teltet der du vil, så lenge du er minst 150 meter frå hus eller hytte der det er folk. Hugs å rydde plassen etter deg!  Du kan plukke bær, sopp og vanlege blomar, men plukk ikkje trua og freda artar, som t.d. orkidear.

Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta, også på dagar med dårleg sikt. Bygg ikkje nye vardar når du rastar, da dette kan føre folk på villspor. Fjern heller ikkje stein fra gamle vardar, da ein del av desse er kulturminne.

Kulturminne som tufter og fangstgraver er freda, så ikkje flytt stein frå gamle murar.

Hald Jotunheimen rein. Når du ferdast i Jotunheimen, rydd opp etter deg og ta med deg søppel.

Du kan tenne bål mellom 15. september og 15. april og resten av året på stader der det heilt klart ikkje er brannfare. Følg med på lokale forbod. Vis omsyn til naturen når du finn ved.

Jakt og fiske. I nasjonalparken kan du jakte og fiske som i andre fjellområde, dersom du har jakt-/ fiskekort. Stongfiske er gratis for barn/unge under 16 år. Det er ikkje lov å bruke levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fisk eller vått fiskeutstyr frå eit vassdrag til eit anna.

Hund i nasjonalparken. Hunden er velkomen med på tur. Mellom 1. april og 1. oktober/ 1. november skal alle hundar haldast i band. Du pliktar å ta omsyn til vilt, beitedyr og menneske året rundt. Særleg reinen er sårbar på etterjulsvinter og vår.

Reglane om bandtvang gjeld også for små hundar og for hundar som er såkalla sauereine. Hugs at vi har fugleartar som har reir og ungar på bakken, og som er svært sårbare for lause hundar.

Motorisert ferdsel. Framkomstmiddel med motor er i utgangspunktet forbode i nasjonalparken, dette gjeld også elsykkel.

Klede og utstyr. Vêret i fjellet kan skifte brått både sommar og vinter. Sommaren kan by på låge temperaturar og tjukk skodde. Vinterturar kan gje deg sol og lang sikt eller kalde vindar og tett snødrev. Du er sjølv ansvarleg for å vurdere vêr og føre, form og ferdigheiter og førebu deg med eigna klede og utstyr før du legg ut på tur. Å ferdast i fjellet kan vera krevjande. Å vera på tur med ein fjellførar gjev tryggleik og nyttige tips.

Drone
Verneforskriftene § 3 pkt. 7.3 set  forbod mot bruk av dronar i nasjonalparken og i landskapsvernområdet.